Travle tider for herøyflåten:

Lodde på sør, kolmule på nord

Ringnotbåtane er inne i årets mest hektiske periode med kolmulefiske vest av Irland og loddekvote i Barentshavet som skal takast i løpet av nokre veker.
Nyhende

(I videoen over ser vi Rogne fiske lodde.)

Både i vest og i nord er det godt fiskeri, men kolmulebåtane som var tidlegast ute fekk bakse litt med kulingen på fyrste turen.

-Det vart betre for dei som kom etter at vi hadde lasta opp, og no er forholda bra, fortel Herøy-skipper Erling Remøy på veg til Norge med 1800 tonn kolmule på tankane.

(Saka held fram under bilete)

Kolmulehal: Dei fleste herøybåtane har gjort unna fyrste kolmuleturen, men må tre turar til vestover for å ta heile kvoten.  Foto: Frode Fuglseth

Passerer Hebridane

Akkurat no er Herøy på høgde med Hebridane, og skal vere framme i Karmsundet torsdag natt.

-Fabrikkane har også lodde dei skal ta unna, så det vart litt ventetid for levering. Difor tek vi det litt bedageleg nordover, fortel Remøy på telefonen i dag (tysdag) føremiddag.

Remøy fortel at etter levering blir det å gå nordover, med ein sving innom Mjølstaneset for å hente loddenota. Herøy har 1040 tonn med lodde som skal hentast før dei igjen set kursen vestover for å halde fram med kolmulefisket.

-Vi kan fiske rundt 7000 tonn med fleksen, så det blir i alle fall tre turar til med full båt, fortel Remøy.

20 millionar kroner

Kolmulekvota er om lag på nivå som i fjor, men prisoppgangen gjer at det blir meir pengar av det denne vinteren. I år kjem båtane til å ha innteketsført rundt 20 millionar kroner etter at kolmulekvoten, samt lodda frå Island og Barentshavet, er teken på land.

Loddelast på få timar

Samtidig med at Herøy passerer Hebridane, er Rogne på høgde med Bodø med Måløy som endestasjon. Der skal båten levere knappe 1400 tonn konsumlodde til Pelagia sitt anlegg på Trollebøen og ventar å vere framme torsdag føremiddag. Årets loddekvote etter nokre timars arbeid litt vest av Sørøya.

-Vi kom på feltet om morgonen i går, og på ettermiddagen hadde vi fått det vi skulle ha.

Kjell Ove Rogne fortel at det var brukbart med lodde å sjå på dei tradisjonelle fangstområda rundt tretti mil vest av Sørøya, og mykje båt på feltet.

Rogne har allereie vore ein tur på kolmula, og skal vestover igjen så snart loddelasten er komen på land.

Fleire på veg

Herøyfjord og Nordsjøbas er også på veg sørover etter å ha lasta opp på søndag. Begge skal til Vedde. Saman med Herøy er Sjøbris og Christina E på segling heim med kolmulelast.

Det er venta at kolmulefisket kjem til å vare til over påske og kanskje godt ut i april før alle er komne i mål med kvotane.