-Med dagens sterke fokus på plast i naturen, er det nesten ikkje til å tru at folk kan finne på noko slikt.

Det seier turgåaren som på søndagstur over Herøybrua oppdaga dungevis med tome plastkanner i området under brua på Røyrasida. Minst femti i talet låg kannene spreidde over eit stort område, der skuleelevar var ute og rydda så fint i fjor.

Kannene skal bli fjerna. Det lovar forureiningsansvarleg Fred Arnesen i Herøy kommune. Arnesen håper dei også kan greie å spore opp kven som er ansvarleg for den ulovlege dumpinga av plast i naturen. Arnesen understrekar at den som forureiner også er ansvarleg for å rydde opp etter seg. I dette tilfellet kan det også bli aktuelt å melde saka til politiet.

Arnesen meiner restar etter såpe på nokre av kannene kan vere eit spor å gå etter i leitinga etter syndaren.