-Det har vore tøff konkurranse om desse oppdraga, og vi får ingen ting gratis. Ein kombinasjon av produkt, leveringstid og pris var utslagsgivande for oss, og vi gler oss til å halde fram det gode samarbeidet med Fjord1.

Det seier salsdirektør i Havyard, Lars Conradi Andersen, som er glad for at dei greidde å hale i land storkontrakten på sju design og bygging av fem Fjord1-ferjer.

Tretten batteriferjer

Den siste kontrakten går ut på levering av design til sju batteridrivne ferjer, der fem av ferjene skal byggast ved Havyard sitt eige verft. Med denne kontrakten har Havyard Group tretten batteriferjer i ordre på eige verft, og har selt design til 12 slike ferjer.

-Vi har «sett ferjene i drift» med å bruke avanserte simuleringsverktøy, og slik kunne vi optimalisere dei til det ytterste. Resultata vi har oppnådd har medført at Fjord1 valde oss som leverandør på design, seier Stig Magne Espeseth som er leiar for Havyard Design & Solution i Fosnavåg.

Adm. dir. Dagfinn Neteland i Fjord1 seier at desse kontraktane stadfestar Fjord1 sin leiarposisjon innan det grøne skiftet på norske fjordar.

-Vi held fram med å sette standarden, og det gler oss at vi både kan handle lokalt med norsk design og ferjer som blir bygde i Norge, samt leie an i den grøne revolusjonen, seier han.

Byggekontrakten med Havyard gjeld fem 50-bilarsferjer som skal operere på samband i Hordaland og på Nordmøre. Designkontrakten på to 80- bilarsferjer gjeld sambandet Seivika-Tømmervåg på Nordmøre. Desse to ferjene skal byggast ved Cemre Shipyard i Tyrkia. Dei sju ferjene skal overleverast til Fjord1 hausten 2019

Netland konstaterer at norske leverandørar er i fremste linje når det kjem til innovasjon i forhold til miljø og teknologi, noko som er svært viktig for Fjord1.

-I denne kontraktsprosessen var det fleire norske verft som leverte tilbod og som var med i finalerunden. Vi er svært glade for å sjå at dei norske verfta kan konkurrere både på pris, kvalitet og leveringstid, seier han.