Sikra arbeid i minst to år

KONTRAKT: Olympic Challenger er sikra arbeid i to år framover gjennom ein avtale med Reach Subsea. 

Nyhende

Olympic Subsea har inngått ein toårig utleigeavtale for fartøyet Olympic Challenger til Reach Subsea. Avtalen inkluderer opsjonsmulegheit for ytterlegare eitt år.

-Kontrakten stadfestar at strategien vår med ein flåte av fleksible fartøy innan Blue Energy-segmentet har vore rett, seier styreleiar Stig Remøy i Olympic Subsea.

Reach Subsea skal nytte fartøyet til ei rekkje oppgåver innan inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av subsea-installasjonar, samt arbeid innan fornybar-prosjekt. Kontrakten startar i april.

-Ein viktig del av vår strategi er å samarbeide med reiarlag som er kjende for høg kvalitet, og vi ser fram til å halde fram det gode samarbeidet med Olympic i åra som kjem, seier adm. dir. Jostein Alendal i Reach Subsea.

Olympic Challenger er bygd i 2008 og er eit fleksibelt subseafatøy.