FpU reagerer på skulebesøk-nei hjå Herøy VGS

– Beklageleg for elevane

FpU vil ha politisk stand på Herøy VGS, men skulens praksis tillèt ikkje parti å drive politisk rekruttering enkeltvis. Det er ulikt i forhold til andre skular.
Nyhende

– Vi meiner dette er beklageleg overfor elevane på Herøy VGS. Det er viktig å få politikk inn i skulen, fortel Lovise Nikoline Voldsund, nestformann i Møre og Romsdal FpU.

Fekk nei

For to veker sidan sende Søre Sunnmøre FpU ein førespurnad til Herøy VGS om å få kome på skulebesøk for å informere elevane om deira politikk, og prøve å rekruttere nye medlemmar. Denne førespurnaden fekk dei nei på, noko som får dei unge politikarane til å reagere.

Tek ikkje inn parti enkeltvis

Vestlandsnytt møtte ungdomspartiet i møte med rektor ved Herøy VGS, Gullik Arve Kjellstadli på torsdag. Her fekk begge partar uttale seg i saka.

– Herøy vidaregåande har som prinsipp å ikkje tillate at politiske parti rekrutterer og har stand på skulen utanom dei valperiodane som vi har. Fleire parti har akseptert denne praksisen, forklarar Kjellstadli.

Han forsikrar om at dette ikkje har noko med partipolitikk å gjere.

– Vi vil ikkje at politiske parti skal kome enkeltvis, men om partia samla seg og kom i fellesskap ville vi vere veldig opne, forklarar Kjellstadli som er einig med FpU i at det er viktig å engasjere elevar kring politikk.

Reagerer på ulik praksis

– Vi har hatt slike standar på fleire skular. Vårt mål er å engasjere elevar inn i politikken. Vi meiner det er beklageleg overfor elevane på Herøy VGS at dei ikkje skal få lik politisk eksponering som elevar får på andre skular, forklarar Voldsund og får støtte hjå dei andre partifellene sine som også sit rundt bordet.

Karl-Oskar Sævik, nestformann i Søre Sunnmøre FpU.

– Vi forstår at dei vil ha mangfald blant skulebesøka. Det er viktig og bra, men å få til eit felles besøk frå partia er slett ikkje enkelt.

Han er også klar på at det blir feil at dei skal ta konsekvensane om andre politiske parti ikkje ynskjer å besøke skulen og drive engasjering.

– De er ikkje dei einaste som vil stå stand her. Vi har hatt fleire førespurnadar frå parti med same ynskje som dykk, presiserte Kjellstadli under møtet.

Annleis i Volda og Ulsteinvik

Vestlandsnytt har vore i kontakt med dei vidaregåande skulane i både Volda og Ulsteinvik. Dei bekreftar at det er ein ulik praksis når det kjem til skulebesøk frå politiske parti.

– Politiske parti får kome til oss og ha stand på tildelt plass. Dette med atterhald at dei besøkande ikkje er for proaktive i politisk rekruttering, men at dei oppfører seg diskret og tilgjengeleg for dei elevar som skulle ynskje slik informasjon. Vi vil legge godt til rette for slike besøk forklarar rektor ved Volda VGS, Trond Hjelseth.

Også Ulstein vidaregåande har ein tilsvarande lik praksis om å opne opp for parti og organisasjonar.

– I utgangspunktet er våre dører opne. Skal vi ha engasjert ungdom er det viktig å la dei bli eksponerte, men vi forventar at besøkande oppfører seg, forklarar Margaret Alme, rektor ved Ulstein VGS.

Utfordra rektoren

Avslutningsvis kom rådgjevar i FpU, Ola Buvik Skedsmo, med ei utfordring til Herøy-rektoren om å invitere til ein felles dag for politiske parti.

– Dette er noko vi vil prøve å gjere. Det er eit godt forslag. Eg skal også snakke med elevrådet og andre utval og ta ein runde på kva praksis vi har, sa Kjellstadli og takka for at FpU var villige til å møte han for ein open dialog.