Men kor gamle må vi vere, for å høyre til under det nye departementet til Åse? Når kan vi forvente at Åse tek oss under vengjene sine, og syter for at vi dansar trygt og smilande inn i livskvelden?

Eg tykkjer teologen Karsten Isachsen kom med ein svært treffsikker definisjon på alder: «Du er gamal den dagen du bøyer deg ned for å knyte skoreimane, og når du har gjort det, stanser du ein augneblikk og tenker: Var det noko meir eg skulle ha gjort, når eg likevel er her nede?»

Men det hjelper ikkje å sende Åse eit sitat, du må ha ei fagleg grunngjeving for at du er gamal nok. Først då kan du bli medlem i den eksklusive seniorklubben, og få rett til å klage på pensjonen, og prisen på høyreapparat. Etter litt leiting fann eg den offisielle definisjonen på alderdom. Verdas helseorganisasjon (WHO), definerer eldre, som menneske mellom 60 og 74 år, og gamle som menneske som er over 75 år. Det er med andre ord skilnad på eldre og gamle. Det er trass alt godt nytt for oss yngste i klubben, vi som enno ikkje har skifta hofter.

Det er ein svært samansett gjeng Åse får ansvaret for, og vi er forbaska mange; Nokre går framleis Birken på ski, og er gifte for tredje gang, andre har rømt til Spania, for å halde gikta på avstand. Dei som syng på siste verset lagar som regel ikkje noko ufred, men dei treng kanskje ei hand å halde i.

Styresmaktene har så langt unngått bråk og konfrontasjonar med dei gamle. Generasjonane før oss, lærde seg nemleg å lide i stillheit. Dei utvikla ei resepekt for autoritetar, som er grenselaus. Å klappe dei lett på kinnet under valkampane, har så langt sikra politikarane attval.

Dette kjem til å endre seg radikalt, og eg er svært usikker på om dei som sit i maktas korridorar er førebudde.

Dei vi kallar «sekstiåttarane» vil etter kvart trenge meir omsorg og merksemd. Dei vart fødde nokre år etter krigen, og i 1968 gjekk det ei protestbølge over verda, og studentar gjorde opprør i bygatene. I Norge byrja fleire å dyrke Marx og Lenin, og nokre stod i skogkanten og ropte på væpna revolusjon. Desse menneska er svært intelligente, og fleire av dei har hatt toppstillingar i samfunnet. Det er nesten gløymt at dei gjekk seg bort i den politiske skogen.

Dei kjem til å stå døgnkontinuerlig vakt ved rettane våre, og prøvar makta å justere ned grunnbeløpet i folketrygda, eller auke i eigendelen på blodtrykksmedisin, vil dei mobilisere på brei front. Nyttar det ikkje med sinte lesarinnlegg, og protestgrupper på Facebook, vil dei gå ut i gatene. Fakkeltog eller demonstrasjonstog, der det blir ropt slagord mot styresmaktene, er kjende verkemiddel for dei aldrande proletarane.

Vi kan slå det fast; Gamle folk som stillteiande et kamferdrops og syng lågt frå Landstads salmebok, er bokstaveleg tala ein utdøyande rase. No er det den litt høgrøysta dessertgenerasjonen som kjem haltande inn på NAV-kontora.

Eldreministeren må førebu seg på at det er ein vaken gjeng som no kjem viftande med slagordet; «Gjer din plikt og krev din rett» Vi har fullt oversyn over rettane våre, og er det noko vi tvilar på, finn vi det ved hjelp av Google. Det er ikkje utan grunn vi blir kalla eldrebølgja, det vil nok merkast når bølgja bryt over velferdsstaten.

Men det er god grunn til å glede seg over at vi har fått vårt eige departement. Då har vi ei adresse for alle krava våre. Allereie no finn eg tida inne til å setje fram eit krav til ministeren, på vegner av mange.

Tidlegare i vinter skulle eg hente bossvogna, det var mørkt og det var blankis heile vegen. Det vart ei farleg reise, men ei lita isfri stripe berga meg frå totalhavari. Dagen etter kjøpte eg broddar, og dei var ganske dyre, men dei verkar heilt fint.

No har Åse ei skikkeleg vinnarsak på bordet sitt; gratis broddar til alle over 60 år – men ikkje for folk flest.

Ha ein ung fredag!