Laiar

Snu alle steinar i Fosnavåg

Fosnavåg  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Debatten om framtida til Fosnavåg som handelssenter har endeleg kome i gang, for full tyngde. Det er på høg tid. Ein har i nokre år sett ei litt avventande og delvis også pessimistisk haldning. Midt opp i dette skal vi ikkje gløyme at det også dei seinare åra har vore fine nysatsingar. Bildet er nyansert.

Utviklinga er ikkje heilt spesiell for Fosnavåg. Dei fleste mindre tettstadar opplever at butikkar frå tid til anna kastar korta. Vert det ein trend, er det meir urovekkjande. Hareid er eit døme på ein tettstad med endå meir negativ utvikling.

Enkelte i handelsstanden fryktar at Fosnavåg om få år kan bli ein spøkelsesby. Ein er redd at «den idylliske vesle fiskarlandsbyen», som ein turist ein gong omtala Fosnavåg som, kan bli redusert til ein stad med berre nokre få butikkar tilbake, og folketomme gater.

Korleis skal ein få fleire til å handle i Fosnavåg? Det er tusenkronarsspørsmålet. Svaret er samansett. Det handlar om tilgjenge, utval, opplevingar, pris, service og fleire andre faktorar. Alle steinar må snuast.

Kunden har oftast rett. Ynskjer kundane til dømes at ein må ha høve til å handle til klokka 20 kvar dag, må næringa ta signala på alvor. Det dreier seg om vilje og evne til omstilling.

Dei lokale fortrinna er så mange at det ville ha vore ein tragedie om scenarioet om ein spøkelsesby skulle bli realitet. Tunge investeringar er gjorde i hotell, badeland og konserthus, – og i næringslivet sine fasilitetar. Frå naturen si side kan ein seie at Fosnavåg ligg i ein blindveg, nærast «utanfor allfarveg», slik dei reklamerer med i Sande. Men det kan snuast til noko positivt. Fosnavåg er ein både vakker og sjarmerande småby, med nærleik til havet og Runde, – og sjølvskapte opplevingar i tillegg.

Ein viktig føresetnad må vere at alle, vel å merke etter at kursen er endeleg sett, styrer i same retning. Ein må analysere situasjonen og få kommunen med på laget, handle i lag. Det er ikkje enkelt. Men det er avgjerande viktig.