Sjutoppsturen og den litt meir moderate turmarsjen rundt Sandsvågen har blitt eit svært populært, årleg tiltak i regi av Sandsøy idrettslag.

Arrangementet vert gjennomført kvar påske, nærare bestemt på Langfredag.

– Vi er førebudde på storinnrykk også i år, og kryssar sjølvsagt fingrane for godt ver. Uansett er dette ei oppleving som er verd å prøve for dei som ikkje har gjort det før, seier turgeneral Eirik Voksøy Bringsvor i Sandsøy IL.

Rebusoppgåver rundt vågen

I år er tilbodet utvida i form, av rebusoppgåver i løypa for sjølve Sandsøymarsjen, altså låglandsalternativet rundt vågen. Her er det også premie.

– Vi samarbeider med Rosenlund Marina, der det er start og stopp for løpet, og i tillegg open kafé, opplyser Bringsvor.

Arrangørane kjem med fleire detaljar i lokalavisene når løpet nærmar seg, men allereie no ynskjer ein å informere meir om det som også vert kalla «vårens vakraste eventyr, på sjølve påskeøya».

Over dei sju fjell ...

Sjutoppsturen er eit løp eller ein marsj som går via sju små eller litt større fjelltoppar rundt Sandsvågen. Turen er 15 km lang og går i variert terreng.

Dei sju er: Kletten (130 m.o.h.), Kulen (112), Runden (369), Signalen (359), Hellandsfjellet (122), Hornet (215) og Grøntua (250). Her er det lagt opp til drikke- og fruktstasjon i Hellandsvågane, mellom toppane Signalen og Hellandsfjellet, samt at det er to andre drikkestasjonar undervegs.

Det er både turklasse og konkurranseklasse. Det er tolv ulike konkurranseklasser, fordelte på alder og kjønn.

Løyperekordane høyrer til Jenny Gåsø Schefte frå Elnesvågen (1.51.29) og Eirik Voksøy Bringsvor (1.29.41). Begge vart sette i 2016.

Busstilbod frå Voksa

Arrangørane set opp buss mellom Voksa og Sandshamn, og denne korresponderer med ferja som kjem frå Larsnes, Åram og Kvamsøya. Det er høve til dusjing både ved målområdet og i Sandsøy IL sitt klubbhus ved idrettsbana.

I tillegg er det som nemnt og ein litt mindre anstrengande tur rundt Sandsvågen (5,5 km). Registrering for sjutopps- og turmarsjdeltakarane vert ved Rosenlund Marina.