2017-overskot på mellom 8 og 9 millionar kroner for Sande kommune:

På full fart ut av Robek

Med åtte-ni millionar kroner i overskot for 2017 er Sande kommune på full fart ut av Robek-lista. Likevel må kommunen gjennom store innsparingar i åra som kjem.

nøgd ordførar: Dag Vaagen seier til Vestlandsnytt at kommuneøkonmien no er på full fart mot å etter å bli «friskmeld», etter ein relativt rask snuoperasjon der alt tidlegare underskot med det første skal vere inndekt. – Vi må kome i posisjon til å sette av ein del pengar slik at vi har meir handlefridom, seier Vaagen. (Arkivfoto: Bjørnar Sævik)  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

ROBEK
  • ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.
  • Dei som er i ROBEK må ha godkjenning for å ta opp lån.
  • Lovlegheita av budsjettvedtaka skal kontrollerast.
  • Fire kommunar i vårt fylke er med: Ålesund, Stranda, Sande og Giske.
  • Kjelde: Fylkesmannen
Nyhende

– Vi skal på ingen måte «ta av», men det er klart vi er letta over at 2017 ser ut til å kome ut med eit rimeleg bra overskot, seier ein framleis nøktern ordførar Dag Vaagen (H) i ein kommentar til det varsla store overskotet for 2017.

På møtet i Sande formannskap denne veka orienterte økonomisjef Elin Skogstad Rekdal om rekneskapen for 2017, som no er levert til revisjon.

Overskotet ser ut til å hamne på om lag 8,6 mill. kr. Det er tal som er som musikk i øyra for Sande-politikarane, i ein kommune der slikt er svært gode nyheiter.

Ut av Robek på under to år

Sande kommune hamna i Robekregisteret hausten 2016, og det vil etter alle solemerke gå under to år før kommunen er ute av Fylkesmannen si «svartebok».

– Vi har vore i kontakt med Fylkesmannen og orientert om dei førebelse rekneskapstala. Signala derifrå er at vi får gjennomføre vårt investeringsprogram som planlagt, seier ordførar Vaagen til Vestlandsnytt.

Det siste inkluderer mellom anna at utbygginga av Haugelia barnehage kan gå som planlagt, til liks med utandørs vøling av Gursken kyrkje og bygging av nye omsorgsbustader på Larsnes.

– Kva er årsaka til overskotet?

– For det første går det på skatteinntekter og ei skatteutjamning som for 2017 sin del slår positivt ut for dei fleste kommunar. Slik sett er ikkje Sande kommune i ei særstilling. I tillegg får vi ei avkasting på fonda våre på rundt 4 mill. kr, seier Vaagen.

Budsjettdisiplin

I fjor haust tok det til å bli klart at kommunen i store trekk også klarte å halde budsjettet ute i einingane. God budsjettdisiplin er med andre ord også ein del av bildet. Noko meir skjønstilskot enn venta fekk kommunen også i 2017, men det knyter seg til ekstraordinære, auka kostnader som ein får ein viss kompensasjon for.

Overlevert rekneskap syner eit rekneskapsmessig mindreforbruk på om lag 4,5 mill. kr, etter avsetting til dekking av tidlegare års underskot på 4,1 mill. kr.

Tidlegare opparbeidd underskot blir då 1,9 mill. kr som kommunen vil vedta å dekkje inn. På toppen av det får kommunen om lag 2,6 mill. kr som kan avsettast til disposisjonsfond, i fylgje ordføraren.

– Eg vil streke under at ein revisjon av rekneskapen kan føre til endringar i årsresultatet, men neppe i det omfang at det trugar dekkinga av tidlegare års underskot, seier Vaagen.

Han har håp om at kommunen får rekneskapen til endeleg godkjenning på aprilmøtet.

Sande kommune skulle eigentleg dekke inn underskotet over to år, i 2017 og 2018. No ser alt ut til å bli dekka inn i 2017.

– Så no er det stor glede?

– Det var sjølvsagt ei lette å spore i formannskapet. Vi kan tillate oss å vere nøgde over utviklinga. Likevel, kravet til store innsparingar i åra som kjem står framleis fast, på grunn av eit forventa sprik mellom inntekter og utgifter, seier Vaagen.