Ideen om ei bruløysing mellom Fosnavåg sentrum og Vågsholmen fekk svært positiv mottaking då den blei framlagt for formannskapet denne veka.

Det er utbyggingsselskapet Vågsholmen As som har lansert bru-tanken som alternativ til den førarlause farkosten som det har vore jobba mest med til no. Strenge reglar for passasjertransport, samt at det ikkje finst noko regelverk for slikt i dag, gjer at det truleg vil ta fleire år før eit flytande samband kan etablerast.

Viktig for utviklinga

Mykje tyder på at eit brusamband over Vågen vil kunne sette fart på salet av dei nye leilegheitsprosjekta på Vågsholmen, og framskunde etableringa av ein ny bydel på austsida av Fosnavåg hamn. Ifylgje utbyggarane er det fleire potensielle kjøparar som ventar på ei avklaring, og brua meiner dei kan vere på plass samtidig med at dei fyrste leilegheitene er innflyttingsklare.

-Mitt einaste ønskje er at denne saka blir forsert raskt, sa ordførar Arnulf Goksøyr og viste til at kryssinga er punkt nummer ein i byutviklingspro- grammet for Fosnavåg.

Sjølv Kjell Runde var raus med superlativa, til sentrumssak å vere, og ville gi honnør til dei som kjem med slike idear, og til administrasjonen som har fått saka raskt på kartet.

-Kan vi få til eit partnarskap med andre investorar, så vil dette vere eit kjempebra tiltak, sa Folkeliste-representanten.

Heilt genialt

Per Kristian Furø peika på at til å ligge berre eit steinkast unna, vil avstanden likevel kjennast lang når ein må gå rundt heile hamna for å kome seg til sentrum. Difor såg han på kryssinga som avgjerande for at Vågsholmen skal bli attraktivt som nytt bustadområde.

-Det er ikkje nytenking utbyggarane presenterer, men ei bruløysing som baserer seg på kjend teknologo frå lokale leverandørar, sa Furø.

Heller ikkje Svein Gjelseth såg teknologien som noko problem, og viste til at bruer som båttrafikken må ta omsyn til finst i mange hamner rundt om i landet.

-Denne brua skal ligge permanent open, og vil svinge ut berre når der er folk som skal over. Dette synest eg er heilt genialt, sa Gjelseth.