Må søkje innan 16. mai

Ein søknad om forskottering av hamneprosjektet i Fosnavåg må vere klar innan 16. mai.

ALT PÅ INDRE: Alle forureina massar skal samlast i eitt deponi på indre hamn i Fosnavåg. 

Nyhende

Det opplyser samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i eit brev til Herøy Frp. Her gir samferdselsministeren ei orientering om den nye ordninga, der departementet kan gjere avtalar innafor ei ramme på 350 millionar kroner.

I formannskapet er det full semje om å gå for eit samla deponi på indre hamn. Ei viktig utfordring framover vil vere å oppnå semje med grunneigarane på austsida av hamnebassenget slik at fyllinga kan gå tvers over hamna.

Dialogen er oppretta , og ordføraren håper å finne ei løysing som gjer at ein slepp å måtte gå enda lenger ut i hamnebassenget med fyllinga.