Enda ein bit veg å gå for Nordic Resort i Torvik:

Må finne det spektakulære

Nordic Resort har enda ein bit veg å gå før dei kan trykke på knappen for resortplanane sine i Torvik.
Nyhende

-Vi må finne det spektakulære som kan forsvare ei slik investering på fleire hundre millionar. Heilt der er vi ikkje enda, men eg trur vi nærmar oss.

Det sa dagleg leiar Lars Øberg då han denne veka møtte i formannskapet for å gi ein oppdatert statusrapport om Nordic Resort si planlagde reiselivssatsing i Torvik.

Orienteringa var ønska av kommunen i samband med at selskapet i fjor fekk forlenga opsjonen på tomta i Torvik med ytterlegare to år.

-Denne tida kjem vi nok til å trenge, og kanskje litt meir også, var det næraste investor Nils Christian Gevelt fann å kunne gå i å antyde den vidare framdrifta av prosjektet.

Hadde gått konkurs

Derimot fekk politikarane ei grundig forklaring på kvifor Torvik-satsinga, etter at resortselskapet har brukt 13-14 år og nesten like mange millionar kroner på grunnkjøp, regulering og marknadsarbeid, framleis berre er på planstadiet.

Investorane slo fast at hadde dei satsa på det fyrste konseptet, ville konkursen ha vore eit tidleg faktum.

-Det har vore ein svært tidkrevjande prosess, og prosjektet vi no har fokus på er noko heilt anna enn det vi starta med, forklarte Svenn Torvik.

Det var han som fekk resort-investoren til å feste augene sine på Torvik, framfor andre aktuelle destinasjonar langs kysten.

Satsar på Kina

Dei siste to-tre åra har dei hatt fokuset retta mot den asiatiske turistmarknaden, og særleg mot kinesarane som det mest reisande folkeslaget i verda. Mykje tid har gått med til å studere den kinesiske reiselivsmarknaden med sikte på å skaffe eit grunnlag for anlegget i Torvik.

I 2024 kjem 200 millionar til å reise utanlands for å oppleve luksus som frisk luft og reint vatn.

-Vil det vere råd å få ein del av desse til Fosnavåg og Torvik, Ja, det har eg tru på, sa Øberg, men understreka at det ikkje er busslastgjester dei satsar på skal kome til Torvik.

Etter å ha selt anlegget i Strømstad har Nordic Resort både tid og kapital til å satse i Torvik.

-Eg vil ikkje stå og love noko, men vi har klare ambisjonar om at dette skal bli ein realitet, avrunda Gevelt.