Vanskelege opningstider, manglande gratisparkering, dårleg service i enkeltbutikkar, smalt vareutval, og eit dødt bybilde. Kommentarane på Facebook handlar i stor grad om grunnar til å handle andre plassar enn i Fosnavåg. Men kva er eigentleg dei viktigaste tiltaka sentrumsnæringa kan gjere for å halde på dei lokale kundane?

– La meg kome med eit råd: Alle i sentrum må vere med å drage eit lass, seier Nervik.

Opningstider

– Eit absolutt «must» er føreseielegheit i opningstidene. Alle butikkane i sentrum må opne til same tid, og dei må stengje til same tid, anten det er klokka 20 eller 21, seier Nervik.

– I Fosnavåg stenger nokre av butikkane allereie kl. 16.30.

– Er du hakkande galen? Då seier det seg sjølv at dei mister omsetning. Dei fleste plassar har mest omsetning frå kl. 16 til kl. 19, seier Nervik.

– Folk vil ha gratis parkering

Opningstidene og kunngjeringa av desse er ein del av den såkalla mekaniske servicen til kundane, informerer Nervik.

– Det same gjeld tilgang på gratis parkering og toalett. For kundane er desse tinga like viktige som at ein får hjelp inne i butikken. Det er ikkje god service om kunden må putte 10–15 kroner på ein parkeringsautomat eller eit kundetoalett. Eit slikt irritasjonsmoment kan vere nok til at folk legg turen til Ulsteinvik, seier Nervik, og legg til:

– Viss parkeringshuset står tomt, bør det vere verdas enklaste sak å la alle dei forretningsdrivande få subsidiert parkeringsplassar der, slik at kundane får nytte seg av gratisparkeringa nær butikkane.

Manglar dei store

Med unntak av G-sport og Cubus manglar Fosnavåg såkalla «volum-butikkar».

– To døme er H & M og ZARA, som er verdas største designarkjeder. Fosnavåg har Cubus, men der finn du mest til barn og unge, seier Nervik, og held fram:

– Og så er det slik at i nedgangstider har det tradisjonelt sett vore oppgang for billegbutikkane, medan nisjebutikkane har hatt renessanse i oppgangstidene.

– Alle må ta ansvar

Med andre ord skal det noko ekstra til for å trekkje folk til Fosnavåg.

Trenden er den same overalt, også i store byar som Oslo og Bergen; folk flyttar seg til dei store sentera, ifølgje Nervik.

– Slik har det vore dei siste ti åra. Folk vil vere der ting skjer, seier han.

Fleire av dei næringsdrivande Vestlandsnytt har snakka med ønskjer seg ein slags «sentrumskoordinator», med eit overordna ansvar for å lage til aktivitetar i sentrum, og på den måten trekkje fleire til byen. Det er ein god idé, meiner Nervik.

– Men samtidig verkar det på meg som at dei fleste er «seg sjølve nok». Tidlegare var det slik også i dei store sentera. Ein venta at nokon skulle drage lasset, og så skulle ein få vere med som gratispassasjer. Dessverre går ikkje det i dag. Alle må vere med å bidra. Det kan til dømes vere gjennom å betale ein «sentrumskontingent» til dei som lagar aktivitetar, seier Nervik.

Men å skape litt «liv og røre» treng ikkje alltid å vere så omfattande, meiner han.

– Av og til kan det vere nok å gjere noko for ungane. Dei forlanger ikkje så mykje – kanskje ein gratis is eller ein ballong. Og til grillsesongen kan ein gjerne ta ut grillar og selje varer på gata. Berre kreativiteten set grenser. Men alle må bidra, slår Nervik fast.