Fylte Olaf-løda to gongar!

Når bygdefolk kjem og har med seg masse venner, deltek, og vil vise dei kva vi har i bygda, då er det kjekt.

Bjarne Kvalsvik
Nyhende

Bjarne Kvalsvik fortel at dei la opp til to heilt ulike kveldar, der den første hadde mykje innslag med song og musikk, som Paul Sandanger leia på ein ypparleg måte. I tillegg var der tradisjonen tru både kåseri og skrøner.

Fredagskvelden var annleis, og denne dagen var der ikkje ein stol ledig.

– Lurt i vinterferien

Knut Selvåg spelte, og publikum fekk seg ein god porson med skrøner, quiz og mykje anna moro. Ein del kom også denne gongen i bobilar og somme tok heile helga i Kvalsvika.

– Vi la bevisst desse kveldane til vinterferien. Dette meiner vi er lurt, for då kjem mange heim og har lyst å delta på noko spesielt heime. Her var folk som er busette rundt om i heile landet, seier Kvalsvik, og held fram:

– Vi må slutte å tru at det berre er i Stryn og andre stadar noko kan skje i feriane . Kanskje slår vi til med eit kvart i påska og, vi får sjå. Vi ser at mange frå Vanylven kjem att år etter år på desse kveldane, og det er sjølvsagt kjekt.

Fleire og fleire kjem og frå dei andre tilstøytande kommunane.

– Når bygdefolk kjem og har med seg masse venner, deltek, og vil vise dei kva vi har i bygda, då er det kjekt. Ved å spreie det på to kveldar fekk alle som ynskte det plass. At bubilfolket og er i ferd med å oppdage Kvalsvika tykkjer vi er fint, avsluttar Kvalsvik.