Ein fin nedgang i februar hindrar ikkje at Hareid framleis toppar arbeidsløysetala i fylket. Men Herøy kjem som ein god nummer to, og desse to kommunane skil seg klart ut med mange arbeidsledige samanlikna med resten av Søre Sunnmøre.

Dei arbeidsledige i Hareid utgjer no 4,6 prosent av arbeidsstyrken. Til samanlikning har Herøy 4,5 prosent, medan det elles i fylket berre er Aukra som ligg over fire prosent ved utgangen av februar.

Med unntak av Herøy og Vanylven gjekk arbeidsløysa ned på heile Søre Sunnmøre i løpet av februar. Hareid hadde den største nedgangen med 26.

Siste tolv månadene har Søre Sunnmøre hatt ei fin utvikling med vel 320 færre arbeidsledige enn på same tid i fjor.

Samanhengande reduksjon

I heile fylket er det no 1159 færre arbeidsledige enn for 12 månader sidan. Nedgangen har vore størst på Sunnmøre med 651. Arbeidsløysa er no om lag likt fordelt på regionane med 2,6 prosent på Sunnmøre og Nordmøre, medan Romsdal ligg på 2,5 prosent.

-Den gode trenden med redusert arbeidsløyse gjennom 2017 held fram i 2018. Dei sesongjusterte tala viser at vi har hatt ein tilnærma samanhengande reduksjon i arbeidsløysa sidan januar 2017, seier fylkesdirektør Stein Veland i ein kommentar til februartala.

Veland registrerer at fleire av kommunane med høgast arbeidsløyse har hatt god utvikling den siste månaden. Dette gjeld til dømes Hareid og Ulstein med ein samla nedgang på 38 sidan januar.

-Likevel ser vi at til dømes Herøy ikkje har hatt endring i arbeidsløysa siste månaden, seier Veland.

Til saman i fylket blei det 300 færre arbeidsledige i februar. Av dette stod Søre Sunnmøre for vel sytti. Dei arbeidsledige i fylket utgjer no 2,6 prosent av den totale arbeidsstyrken, og er nesten nede på landsgjennomsnitten som er på 2,5 prosent.

Klart flest menn

På Søre Sunnmøre er det no til saman 778 heilt arbeidsledige, med slik fordeling på kommunane: Herøy 208, Ulstein 166, Ørsta 148, Hareid 123, Volda 83, Sande 39 og Vanylven 21. 528 av dei 778 arbeidsledige er menn.

I forhold til arbeidsstyrken er det Volda som har den lågaste arbeidsløysa med 1,8 prosent.