Ærfugl

Den rolege, rumlande lyden desse fuglane lagar er eit sikkert vårteikn mange kvart år ventar på å høyre.

Når fuglen var ferdig med reiret for sesongen blei duna samla saman, reinsa og brukt til fyll i dyner og puter.

Nyhende

Ærfuglen er kanskje den mest kjære fuglearten i kyst-Noreg og kan nokre stadar reknast som husdyr. Det at denne ikoniske fuglen har hamna på den frykta raudlista både på verdsbasis og i Noreg uroar fleire enn berre dei fugleinteresserte.

Sosial fugl

I april flokkar ærfuglane seg rundt holmane og øyane våre for å finne ein fin stad å lage reir. Hofuglane er stadbundne og vender tilbake til staden der dei sjølve kom til verda.

I fleire netter går hannen og hoa i land for å saman finne ein stad å byggje reir. Gjennom heile vinteren har hannen passa godt på ho slik at ho har kunne ete seg tjukk og god, for når ho har lagt egg tek ho ikkje til seg næring.

I løpet av dei komande 25-28 dagane vil ho miste om lag 1/3 av kroppsvekta si. Ho trykkjer veldig på reiret og satsar alt på at den brune fjørdrakta klarer å halde ho skjult, noko som gjer ho sårbar for ei rekkje rovdyr som havørn, svartbak og mink.

Spesielt minken er påpeikt som ein av grunnane til at bestanden har gått kraftig ned. Hannfuglen er i denne perioden ikkje til stades, men har samla seg i flokkar lenger ute i havet for å skifte vengefjør. Dette gjer at han er ute av stand til å flyge, slik at også han er i ein svært sårbar situasjon.

Når ungane er klekte vil mora halde dei varme i eit par dagar før ho tek dei med ut i skjergarden for å finne mat, ofte saman med andre hofuglar, både med og utan eigne ungar.

Når fuglen rugar nappar ho ut dun frå brystet som ho brukar til å isolere reiret. Denne duna blir kalla edder-dun og skil seg frå duna frå andre artar ved at fjøra ikkje har «stilk» men mothakker som festar seg til kvarandre.

På denne måten dannar dei ein heilt mjuk dott. Denne duna er svært ettertrakta og spesielt i Nord-Noreg har det vore tradisjon med å byggje hus for fuglane og beskytte dei for rovdyr.

Når fuglen var ferdig med reiret for sesongen blei duna samla saman, reinsa og brukt til fyll i dyner og puter. I tidlegare tider var dette ei viktig inntektskjelde blant kystfolk.

Fleire funn viser til at ærfuglen er det eldste husdyret i Noreg. I avfallshaugar frå steinalderen har det blitt funne beinrestar etter denne fuglen og i Osebergskipet frå år 834 blei det funne dyner med fyll av ærfugldun.