Odd Kåre Wiik går på skeiser på Djupvikvatnent

«Jo-ho! So steikje bra!»

Nyhende

Denne veka møtte vi ein litt småsliten, men glad Odd Kåre Wiik i ei forretning i Myrvåg. Han la ikkje skjul på kva for hendelse han no hadde vore med på:

- Eg har gått på skøyter i halvannan time på Djupvikvatnet. Det er heilt utruleg fine forhold, sa den verbalt slagferdige gurskingen.

Han drog fram mobiltelefonen og synte oss eit opptak han hadde gjort ute på den fantastiske isen, med skeiser på beina.

- Fleire burde prøve dette. Det er veldig, veldig kjekt, sa Odd Kåre.

Vi spurde om han ville dele video-opptaket med våre lesarar. Resultatet kan de sjå i eit kort innslag her på sida.