Det seier hotelldirektør Günther Dahler ved Thon Hotel Fosnavåg.

– På laurdagane veit vi til dømes at frykteleg mange av våre gjestar et frukost her, før dei fer på badeland. Dei er ferdige i 14-15-tida, men då er dei fleste butikkane stengde, seier han.

Han har forståing for at det kan vere vanskeleg å halde butikken open til kl. 18 på ein laurdagskveld.

– Men kva om alternativet er at ein ikkje har kundar? Handelsstaden er viktig for reiselivet, for utan den vert Fosnavåg mindre attraktiv. Samtidig dreg butikkane nytte av turistane, seier Dahler.

Ein overordna tanke

Hotelldirektøren trekkjer fram Flåm som eit døme på ein turistattraksjon som har «bygt opp seg sjølv».

– Då dei byrja med suvenirbutikk, heldt den ope berre om sommaren. Utanom sesongen heldt den ope måndag, onsdag og fredag. Så kom det fleire besøkande, og sesongen vart lenger. Dermed vart også op- ningstidene i alle butikkane på plassen utvida. No nærmar dei seg «heilårsturisme».