-Den som trur vi tømer fjordane for sild, bør ta seg ein tur og sjå på vegna vi brukar, seier han.

Ein 40 fots sjark, med ei not som ikkje er meir enn 250 meter lang, meiner han aldri vil kunne utgjere noko trugsmål mot fjordasilda sin eksistens.

- Dette er eit fiskeri med lange tradisjonar, og dessverre minkar det på denne silda til liks med alt anna liv på kysten, seier han.

Ingen særeigen stamme

Det som får Reite til å ta til motmæle, er påstandane som Lidvar Bø sette fram i førre Vestlandsnytt, og i ope brev til Fiskeridirektoratet, om Reite sin aktivitet på Gurskefjorden. Mellom anna denne:

«Slik Akono fiskar kan sildestammen verte utfiska totalt».

-Dei pratar så mykje om lokale sildestammar, både i Gursken og i andre fjordar og pollar, men slike stadbundne sildestammar finst ikkje med det eg veit, seier Reite.

Reite seier han skulle hatt lyst å møte den havforskaren, som etter det Lidvar Bøe påstår, meiner silda dei fiskar på i Gursken er ein særeigen stamme.

Silda som tidvis er å finne i dei lokale fjordane tilhører, ifylgje Reite, den same sildestammen som det har vore fiska på i årtier her på kysten. Gursken har alltid vore ein god plass for fjordasildfiskarane.

Sild som kjem og fær

Han er samd i at det ikkje er atlantoskandisk sild det dreiar seg om, men sild som kjem og fer, alt etter årstidene, og som er ei blanding av haustgytande, vintergytande og vårgytande sild. I periodar har det historisk sett vore fritt for sild på dei same fjordane.

No er silda som har stått på Gurskefjorden i vinter på veg ut av fjorden igjen. Det same skjer kvart år på denne tida, og Reite kan fortelje at siste turen på Gursken i fjor vinter blei ein rein bomtur. Då hadde silda så stor fart ut fjorden at han ikkje vann å kaste.

Lange tradisjonar

-Denne silda held til frå Sognefjorden og heilt opp til Trøndelag, og har vore fiska på sidan lenge før mi tid, seier han.

Reite minnest godt fyrste turen på sildefiske. Han var då berre 6-7 år gammal og fekk vere med faren og kaste etter sild i Vanylven med Brødrene V.

-Nota dei brukte den gongen var snart dobbelt så stor som den eg har på Akono i dag. Her på Møre var det eit tosifra antal notbruk i aktivitet, i tillegg til dei mange tilreisande som kom for å fiske sild her på fjordane, seier han.

Skræmande utvikling

Reite er den fyrste til å beklage den utviklinga ein ser på kysten, med tilbakegang på nær sagt alle fiskeslag.

Kva som skjer, og kva som er årsaka til fiskemangelen på kysten, kan også han ha sine meiningar og teoriar om ilag med alle andre.

Faktum er at det er fleire fiskeslag som snart er heilt vekke. Difor meiner Reite det burde ha vore lagt ned ein langt større innsats frå forskinga for å finne årsakene til at det ikkje er mat igjen på kysten.

Det er dei som vil gi makrellen all skulda, men Reite trur bildet er meir nyansert enn det. Lakseavlusing, forureining og forsuring av havet er også faktorar som må takast med om ein skal prøve å teikne eit årsaksbilde. Sjølv fryktar han det snart vil vere matlaust på heile kysten.

-Det er skræmande å sjå det som skjer, slår Reite fast.

Men han er ikkje med på at ein sjark på førti fot skal greie å rydde ut ein heil sildestamme. Den påstanden meiner Reite blir noko for dryg.