– Vi er ein liten fotballklubb, men vi er i vekst. Det at vi har hatt denne statusen nokre år, kvalitetssikrar også arbeidet i heile organisasjonen, og det skal kome utøvarane til gode.

Det seier leiar i fotballgruppa til Larsnes idrottslag, Helge Tødenes.

Larsnes IL melder i år på åtte-ti aldersbestemte lag frå seksåringar og oppover, og i tillegg sjuarlag for damer. Dessutan stiller laget i år seniorlag for menn igjen, i 6.-divisjon.

– Vi har eit bra apparat i sving med desse laga. Men det er rart med det. Det å sikre seg trenarar og lagleiarar er eigentleg ein kontinuerleg prosess, ikkje minst i ein klubb som Larsnes IL der alt føregår som dugnadsarbeid, seier fotballeiaren. Tødenes utdjupar:

– I Larsnes som i mange andre klubbar er det ofte foreldra som stiller og tek ansvar. Laga og foreldregruppene er ikkje statiske, dei endrar seg kvar sesong. Så vi håpar endå fleire stiller opp i tillegg til dei mange trufaste og dyktige vi allereie har i våre rekkjer.

Laget registrerer stor oppslutnad om fotballen på enkelte årssteg, og litt mindre på andre. Nokre av laga er ikkje «reine» årgangar og vert difor ein miks av spelarar frå eit par årssteg.

Utanom fotballen er det også eit svært oppegåande turntilbod i regi av Larsnes IL. Dette tilbodet gjeld for den yngre garde. Dei fekk nyleg ei fin løyving frå Gjensidigestiftelsen og kunne dermed kjøpe inn endå meir utstyr, noko som gjer det mogleg å ha endå større aktivitet.

Haugeberg: - Godt utført jobb

Dagleg leiar Bjørn Oskar Haugeberg i Sunnmøre Fotballkrets stadfestar at Larsnes truleg er landets minste kvalitetsklubb. Han meiner det er godt gjort av ein såpass liten klubb som Larsnes IL å oppfylle dei relativt strenge krava som vert sette til ein slik status.

– Samstundes kan det vere lettare å halde oversikt over alt i ein mindre klubb, noko som er ei utfordring for litt større klubbar, seier Haugeberg til Vestlandsnytt.

– Det verkar som om leiinga i Larsnes IL er flinke til å drage laget i rett retning, legg han til.

I Sunnmøre Fotballkrets sitt ansvarsområde er det til saman 15 kvalitetsklubbar, ei nemning som altså ikkje går på dei sportslege resultata, men meir på måten laget vert drive og klubben er organisert på. Dei 15 klubbane er:

Aksla IL, Bergsøy IL, Blindheim IL, Emblem IL, Hareid IL, SK Herd, IL Hødd, Larsnes IL, Langevåg IL, Spjelkavik IL, Stranda IL, IL Valder, Vigra IL, Volda TI og Ørsta IL. Dei fleste av desse klubbane har folk som jobbar på heil- eller deltid i adminstrasjonen.