Kjære lesar

Velkommen til vestlandsnytt.no

Velkomen til vestlandsnytt.no. Frå i dag av vil Vestlandsnytt, i første omgang  i avgrensa omfang,  formidle redaksjonelt innhald og reklame på nett og mobil.

Illustrasjon   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Tilbodet på nettutgåva vil bli utvida etter kvart. Med dette har ein ny æra starta for oss, for redaksjonen og for deg som lesar.

Nettutgåva vil om kort tid også ha redaksjonelt innhald som du må vere abonnent for å ha tilgang til (PLUSS). Om kort tid vil også alle abonnentane ha tilgang til papirutgåva i digitalform, som e-avis. For oss er det viktig å streke under at løysingane ikkje er heilt klare enno, og difor vil det førebels ikkje vere mogleg å tinge abonnement på nettsida.

Lukke til som brukar av vestlandsnytt.no –  etter kvart også som abonnent med e-avis og PLUSS. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette seinare. Inntil då vil alt som vert publisert på nettsida vere ope for alle, gratis.

Endre Vorren

Redaktør, Vestlandsnytt