Her har vi samla svara på dei mest vanlege spørsmåla. Om du ikkje finn svar på ditt spørsmål, ta gjerne kontakt med kundeservice på e-post: abonnement@vestlandsnytt eller tlf. 70 08 44 00.
Ofte stilte spørsmål endring postsendte aviser på lørdager fra 05. november.
Noreg har fått ei ny postlov som medfører at Posten ikkje lenger leverer ut post og aviser på laurdagar. Dei fleste av avisene våre går ut med bod, men vi brukar Posten for å få ut avisene der vi ikkje har eigne avisbod. Staten har gitt oppdraget med utlevering på laurdagar til ein ny aktør, Kvikkas AS. Deira tenester er ikkje dei same som Posten og dekkjer ikkje alle adressene. Adressa di er dessverre ikkje dekt av det nye bodselskapet eller avisboda våre. Du vil få avisa måndag eller tysdag. Vi ber om orsaking for denne situasjonen. Vi har jobba hardt for å finne ei løysing for alle, men nokre adresser klarer vi ikkje å finne ei løysing for. Du har sjølvsagt tilgang til heile papiravisa som eAvis via PC, nettbrett eller mobil.
Vi ber om orsaking for at du ikkje har fått avisa di. Dette har samanheng med at distribusjonen av laurdagsaviser er endra frå 1. november. Noreg har fått ei ny postlov som medfører at Posten ikkje lenger leverer ut post og aviser på laurdagar. Eit nytt selskap har teke over utkøyringa av aviser på laurdagar, og vi har vore budde på nokre innkøyringsproblem med ei så omfattande omlegging som dette er. Meld frå til kundeservice, så vil vi finne ut kva som har skjedd, og jobbe for at dette er retta opp til neste laurdag. Vi håper du kan ha glede av nettløysinga du har tilgang på gjennom abonnementet ditt. Her finn du heile papirutgåva i digitalt format og nettutgåva av avisa.
Det er rett at det er nokre som ikkje har nett, og for desse har vi dessverre ikkje noko anna tilbod enn at dei får avisa på måndag.
Posten dekker 100 prosent av adressene i Noreg, og fyller difor ut alle dei adressene som avisene sine eigne bod ikkje når ut til. Den nye distributøren har ikkje den same fleksibiliteten, sidan dei har fått i oppdrag frå departementet å dekke eit avgrensa område. Det vert dermed nokre abonnentar som fell mellom avisboda sitt dekningsområde og den nye bodtenesta, Kvikkas, sitt område.
Vi har omtalt endringa i avisa, i tillegg til annonsar før omlegginga. Vi ber om orsaking dersom informasjonen ikkje har nådd ut til deg.
For oss er alle kundar like viktige. Men vi har dessverre ikkje lenger tilgang til den tenesta på laurdagar som gjer at vi får avisa ut til samtlege av abonnentane våre som bur utanfor avisboda sitt dekningsområde. Posten dekkjer alle husstandar i heile landet. Det gjer ikkje den tenesta som staten no har bestemt at vi skal ha. Dette ber vi om orsaking for. Vi har jobba hardt for å finne løysingar for korleis vi kan nå ut til så mange som mogleg, sjølv med ei avgrensa teneste.
I vekedagane vert det ikkje noko endring. Når det gjeld fritidsbustad og mellombels flytting, så er det avhengig av kor vidt den nye distributøren dekkjer området der du har hytte. Dersom dei ikkje gjer det, kan vi dessverre ikkje levere laurdagsavisa di før på måndag eller tysdag.
Vi er i tett dialog med distributørane for å sjå på kva moglegheiter som finst for å nå ut til fleire. Likevel veit vi at det vil vere nokre abonnentar vi ikkje når fram til med den nye løysinga.
Di adresse fell kanskje utanfor området der den nye distributøren leverer. Posten dekkjer alle husstandar i heile landet. Det gjer ikkje tenesta som staten no har bestemt at vi skal bruke. Dette ber vi om orsaking for, og vi har jobba hardt for å finne løysingar for korleis vi kan nå ut til så mange som mogleg sjølv med ei avgrensa teneste. Kontakt kundeservice, så kan vi saman finne den beste løysinga for deg.
Postboksa di er det berre Posten som har tilgang til, og dei leverer ikkje ut post på laurdagar lengre. Eit alternativ er å endre til levering til heimeadressa, og få avisa levert frå eit av avisboda våre. Kontakt kundeservice, så kan vi saman finne den beste løysinga for deg.
Abonnement
Ta kontakt med kundeservice på e-post: abonnement@vestlandsnytt eller tlf. 70 08 44 00.
Kundenummeret ditt står på fakturaen og under Abonnementsinfo på Mi side.
Få kundenummeret tilsendt, klikk her.
- Papiravisa kjem tre dagar i veka
- E-Avisa er ein fullverdig, elektronisk versjon av papiravisa. Den kan lesast på PC/Mac, lesebrett og smarttelefon. For å få tilgang på nettbrett og mobiltelefon, last ned vår gratis App i AppStore eller på Google Play.
- På vikebladet.no får du løpande nyheitsoppdateringar gjennom veka
Vikebladet tilbyr eit reint digitalt abonnement for dei som ønskjer nyheitene Vikebladet produserer, men ikkje ønskjer papiravisa.
Som abonnent får du tilgang til e-Avisa.
Det gjeld same reglar som for privat og bedriftsabonnement, det vil seie at det berre kan knytast ein SPiD-brukar til eitt abonnement.
Betaling og faktura
Du får ein e-post som fungerar som kvittering for den første månedan av ditt abonnement.
Dersom du treng kvittering på ein lengre periode, ta kontakt med kundeservice på e-post: abonnement@vestlandsnytt eller tlf. 70 08 44 00, så hjelper vi deg.
Dersom du har bestilt abonnement via kundesenteret vårt, vil abonnementet bli aktivt frå oppstartsdato.
Har du kjøpt abonnement via vikebladet.no/SPiD, vil du få tilgang umiddelbart.
Dersom dette skuldast ein feil frå Vikebladet si side, vil vi sjølvsagt refundere beløpet som du har inneståande hos oss. Ta kontakt med kundeservice på e-post: abonnement@vestlandsnytt eller tlf. 70 08 44 00, så vil vi hjelpe deg.
Mellombelse endringar
Ja, vi kan stoppe utlevering av papiravisa men framleis halde abonnementet aktivt. Dermed har du framleis tilgang til e-Avisa.
Ja, det kan du, klikk her
Sjølv om du stoppar levering av papiravisa, har du framleis tilgang til e-Avisa. Denne tilgangen har du betalt for, og det er du som styrer i kva grad abonnementet vert nytta. Difor vert ikkje abonnementet forlenga sjølv om du stoppar levering av papiravisa.
Levering
Ta kontakt med kundeservice på e-post: abonnement@vestlandsnytt eller tlf. 70 08 44 00, så hjelper vi deg.
Vi gjer alt vi kan for at du raskt skal få tilgang til dei produkta du har bestilt og betalt for.
Dersom både papirlevering og digital tilgang uteblir på grunn av tekniske feil hos oss, vert dette kompensert det tilsvarande tal dagar..
Ta kontakt med kundeservice på e-post: abonnement@vestlandsnytt eller tlf. 70 08 44 00, så vil vi hjelpe deg.
SPiD / Mi side
SPiD står for Schibsted Payment Identification. Det er eit digitalt påloggings- og betalingssystem.
Betaling skjer via PayEx og er trygt og sikkert.
SPID er ein felles påloggings- og betalingsløsning for Schibsted-selskap (VG, Finn.no, Vektklubben, Stavanger Aftenblad etc.) samt avisene i Polaris Media. Kunden må opprette ein SPiD-profil for å få registrert seg digitalt.
Ja, du kan gi den bort til nokon i same husstand.
Ta kontakt med kundeservice på e-post: abonnement@vestlandsnytt eller tlf. 70 08 44 00, så hjelper vi deg.