Larsnes Idrottslag og Landsbyhuset Breidablik har sett saman ei innhaldsrik messe, og arrangørane vonar publikum finn vegen til messa også i år.

Det viktigaste på messa er utstillarane, og her er det svært og breidde i år. Det er fleire informasjonsstandar, og ekstra gledeleg er det at Sande kommune i år stiller med stor informasjonsstand. Her vil publikum få møte Sande Brannvern, Sande Frivilligsentral, og Sande Kulturavdeling. På standen vert det også fleire korte musikalske innslag frå kulturskulen. Larsnes sogelag har rykande fersk utgåve av årets bildehefte, med mange gode lokalhistoriske fotoglimt. Segn og Soge for 2022 vert også å få kjøpt.

Larsnes IL har overteke ein god del brukt antikk frå Rønneberghuset. Dette vert lagt fram for sal på eigen stand på SandeMessa. Her vert det gode moglegheiter å gjere kupp på brukt antikk. Det vert ope for å gje bod, og alt skal seljast. Det vert kontinuerleg påfyll etterkvart som standen vert tømd, så her kan det lønne seg å stoppe innom begge dagar.

Morten Bollerud har vitja SandeMessa før, og i år kan du sjå han på laurdag der han skal traktere både piano og trekkspel. Det er ikkje råd å ikkje verte imponert når ein ser, og høyrer, korleis han trakterer eit trekkspel. Det er berre å gle seg.

Det vert eit variert utval av varer å handle hjå utstillarane på messa: Strikk, Sunnmørsbunad til gut, skinn av villsau, lefser og andre bakarvarer, bøker, kjøkenutstyr, heimesydde kle, spekemat, syltetøy, honning, ørret, syltaflesk, leiker, og mykje meir. Det er ofte gode messetilbod på messa, og du kan gjere deg ein god førjulshandel.

For borna er juleverkstaden ein svært hyggeleg stad å vere på messa. Fleire går og ventar heile året på dette høgdepunktet. Stemninga er magisk, og der er mykje flott å lage og ta med seg heim. Dei yngste set også stor pris på peparkakelandsbyen på messa. Dette har vore eit fast innslag dei seinare år, og landsbyen vert litt større for kvart år. Skal tru kven som får premiane i år?

Messekokkane har sett saman ein god meny i messerestauranten, der kan du finne kjøtkaker, laks, rjomegraut og meir til; og ikkje minst vert det godekaker å kjøpe. Restauranten er open heile opningstida begge dagar, og tek du middagen på messa – ja då slepp du å ta oppvasken!

Bernt Marius Rørstad og Oskar Fjørtoft Sandanger vitjar messa på søndag. Dei vil fortelje om ulykka Bernt Marius kom ut for i 2017, og korleis han har klart å motivere seg til å røyse seg opp igjen; og kome attende i norgestoppen i frikøyring. Fokuset vert på psykisk helse og korleis ein tek vare på denne best mogleg.

Nytt av året er eige kunstutstilling med lokale kunstnarar. Her kan du sjå på fin og spanande kunst, og finn du noko du likar ekstra godt er det råd å kjøpe med seg heim. Er du meir interessert i lotteri; så er messetombolaen spekka med flotte gevinstar og lodda er rulla og klar!

Søndag ettermiddag vil Ulstein Storband serverer svingande storbandrytmar frå kulturscena. Storbandet består av 17 dyktige musikarar frå kommunane Ulstein, Herøy, Volda, Herøy og Sande, og spelar tradisjonell jazz og swing i storbandformat. Det ryktast at det kjem litt smakebitar frå julerepertoaret.

Mot slutten av søndagen vert det utdeling av kulturprisen 2022 for Sande kommune. Det er alltid spanande å sjå kven som får prisen i år, og arrangørane vonar det vert fullsett sal og stormande jubel når prisen vert delt ut.