Styreleiar for det nye styret er politikar og avtroppande fylkesordførar for Møre og Romsdal, Jon Aasen. Med seg i styret har han Robert Voldnes, Randulf Bakken, lne Harrang og Anne Dyb Liaaen. Følgjande vart valt som vara; Lisa Alvestad, Per Ivar Lied og Trine Røssevold.

Musea på Sunnmøre blir etablert gjennom ein fusjon mellom stiftingane Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Det nye regionsmuseet har som ambisjon å skape auka utviklingskraft for kunst- og kulturhistoria i regionen.