På grunn av ein intern glipp i arrangementskomitèen vart ikkje tilstellinga annonsert i Vestlandsnytt denne veka. Difor tek vi her med hovudtrekka i det som skjer på Runde hamn søndag:

13.30: Skattejakt for borna!

14.30: Musikk v/ Sæmund Helde

16.00: «Sogå om Rondagollje».

Det vert også mat, tombola, salsboder, kunstutstilling og leikeplass for dei yngste.

Arrangementet er 100 prosent laga av frivillige. Dugnadsgjengen som står bak, ynskjer folk hjarteleg velkomne til det som teiknar til å verte ein rett så triveleg ettermiddag.