(Innsendt): Båtkonvoien på Holmefjorden vart arrangert for første gong i 2020 og er eit resultat av nye idear som kom på grunn av pandemi-restriksjonar.

- Restriksjonar er vi heldigvis ferdige med, men konvoien var eit så populært tiltak at det gir lyst og vilje til å skape ein ny 17-mai tradisjon. Det vert derfor båtkonvoi med live-musikk også i år, seier Anita Fjørtoft, ein av initiativtakarane.

Konvoien startar på Remøy-hamna om kvelden, der Sunnmørsjekta Anna Olava leier konvoien ut mot Teigebogen. Der ligg ein båt som skal rundast før ferda går vidare inn mot Esso-kaia, derifrå langs Hornsetstranda og inn på Leinevika.

Inne i vika er det samling rundt båten til Hallgeir Skorpen der Stine Nilsen og Svein Løvoll byr på konsert. Arbeidskanal er VHF kanal 8.

17. mai-komiteen på Einedalen er initiativtakar i år og understrekar at dette er for alle som ynskjer å vere med.

Vi håper mange frå heile Herøy og omegn vil løyse tampane og ta turen på Holmefjorden for ei maritim og minnerik avslutning på dagen, smiler Fjørtoft. Det er eit flott syn også frå land og ein spleis er oppretta for alle som ynskjer å støtte tiltaket.

Arrangementskomiteen.