Myklebust blir eigedomsforvaltar i Havila

Robert Myklebust (43) er tilsett i stillinga som eigedomsforvaltar i Havilagruppa.

Robert Myklebust: Havila har tilsett Robert Myklebust som eigedomsforvaltar  Foto: Havila

New Articles

Det opplyser Havila i ei pressemelding onsdag. Myklebust kjem frå stillinga som eigedomssjef i Herøy kommune. Juristen, som bur på Remøya, har tidlegare også vore tilsett i eigedoms- og byfornyingsetaten i Oslo kommune der han arbeidde innanfor ei rekke område som kjøp og sal av eigedom og utvikling av industriområde til bustader.