Markerer 22. juli:

Kyrkjeklokkene ringer - to opne kyrkjer i Herøy

Torsdag 22.juli midt på dag vil alle kyrkjene i landet ringe med kyrkjeklokkene som ei av fleire markeringer av at det er 10 år sidan terrorhandlinga i regjeringskvartalet og på Utøya. Det er tilfelle i både Herøy- og Sande-kyrkjene deltek i markeringa.
New Articles

I Herøy blir i tillegg to av kyrkjene halde opne. Herøy kyrkje er open rett i etterkant av ringinga, i to timar. Deretter vert Indre Herøy kyrkje open i to timar.

– Vi må aldri gløyme 22. juli, og alle som er berørt av terrorhandlinga. Kom gjerne innom kyrkja 22. juli. Tenn lys, eller berre ver i kyrkjerommet. Ynskjer du å prate med nokon, så er prest og andre til stades, men det er opp til deg. Om du ikkje har høve til å kome til kyrkja akkurat på 22. juli, men kjenner at det kunne vere bra å berre vere i kyrkjerommet av og til i ro og stille, så vit at Herøy kyrkje er open to timar midt på dag frå måndag til fredag kvar veke. I tillegg er Herøy kyrkje open kvar tysdag kveld året rundt, skriv Herøy kyrkje.

– Det kan hende du har andre sorger du ber på. Kyrkja er open for alle. Kom og gå som du vil! Velkomen – same kven du er, og same kva slags sorg du ber på, held dei fram.

Det er den norske kyrkja som står som arrangør for denne markeringa.