Nytt smittetilfelle i Herøy - kom frå utlandet

Ein person som kom frå utlandet til Herøy den 29.01.21 og testa negativt då, har den 05.02.21 testa positivt for covid-19. Personen var i innreisekarantene, og er no sett i isolasjon. Fire personar i same hushaldning er sett i smittekarantene. Det vert gjennomført testing av desse over helga og før avslutning av karantenetida. Smittesporinga har så langt ikkje avdekka andre nærkontaktar. Arbeidsgjevar er informert og samarbeider godt, opplyser Herøy kommune laurdag ettermiddag.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

New Articles