Koronasituasjonen i Herøy: Alle testane var negative

Korona Covid-19 

New Articles

Alle testane tekne i samband med smittesporinga etter ein positiv test for covid-19 i Herøy i går, var negative. Det står framleis att nokre få testar som vert tekne over helga, opplyser kommuneoverlegen laurdag kveld.



Elleve personar som berre deltok i gruppetime ved Aktiv Trening Fosnavåg den 21.12.20 på det aktuelle tidspunktet, kan avslutte si karantene. Dei får individuell melding om dette. Alle andre må følgje dei karantenebestemmelsane som gjeld fram til sluttdato dei har fått opplyst av smittesporingsteamet.