Havyard med årsrapport for 2019:

Krevjande år med store tap, men…

- 2019 ble eit svært krevjande år for Havyard-konsernet, men effekten av restruktureringar og pågåande prosessar gir grunnlag for å skape eit sunnare og meir berekraftig konsern.

Leverer nye vindmølle-serviceskip: New Havyard Ship Technology skal levere ytterligere tre vindmølle serviceskip i løpet av 2020 og 2021.  Foto: Havyard

New Articles

Det er den overordna konklusjonen Havyard kjem med i ei pressemelding denne veka. Uttalen kjem i kjølvatnet av offentleggjeringa av årsrapporten for Havyard Group ASA 2019. Ut ifrå tala les vi at endeleg konsolidert årsresultat før skatt enda på minus 442 millionar kroner. Hovudårsaka til tapet er dei negative resultata i Havyard Ship Technology AS ("HST"), og effekten dette har fått for dei andre konsernselskapa.