Metizoft med kontrakt for Statsraad Lehmkuhl, og inn i megayacht-marknaden

Metizoft skal levere sin "IHM Life Cycle Solution" til Noreg si største seglskute Statsraad Lehmkuhl. Kontrakta inneberer også IHM-inspeksjon og påfølgande IHM-oppdatering.

Statsraad Lehmkuhl   Foto: © Bruno Girin CC BY-SA 2.0

New Articles

– Statsraad Lehmkuhl er det eldste og eit unikt skip i vår portefølje. Vi er glade for å kunne bidra til å gjere ho endå grønare, seier marknadssjef Øyvind Sundgot i ei pressemelding på Metizoft sine heimesider.

I 2021 skal Statsraad Lehmkul ut på si fyrste jordomsegling, «One Ocean». Som ein del av denne jordomseglinga vil Statsraad Lehmkuhl også fungere som eit forskingsfartøy, der ein mellom anna skal samle inn data om miljøstatus og menneskeskapt påverknadar på hav og marint miljø.

Inn i megayacht-marknaden

Herøy-selskapet er elles glade over å også kunne annonsere at dei også har inngått ein rammeavtale med SeaDream Yacht Club. Dei vil gjennomføre IHM-inspeksjonar reiarlaget sine to mega-yachtar, SeaDream I og SeaDream II. Når inspeksjonane for dei to båtane er gjennomført, vil Metizoft halde skipa sin IHM oppdatert gjennom deira livssyklus.

SeaDream Yacht Club er ein prisvinnande operatør i segmentet for luksus-yachtar. Frå mai til oktober seglar SeaDream I og SeaDream II i Middelhavet, og frå november til april i Karibia.