Kleven kan vere på veg mot konkurs

Kleven-konsernet i Ulstein har hamna i ein akutt, alvorleg situasjon. Resultatet kan bli konkurs.

Kleven Verft: Kan vere på veg mot konkurs. Eller det kan opne seg ei løysing med nye eigarar. Det er ein dramatisk situasjon som har oppstått, litt ut av det blå.  Foto: Per Eide

New Articles

Fredag kveld publiserte næringsavisa nett.no (ekstern lenkje) den første av fleire saker om den dramatiske situasjonen. Det heile refererte til ei melding frå den relativt nye Kleven-eigaren, kroatiske Tomislav Debeljak.