Havila leiger inn skip til hurtigrutedrift

Havila Kystruten leiger inn to gamle skip for å kunne starte opp hurtigrutedrift frå 1. januar. Dei nye skipa som opphavleg skulle bli bygde i Spania, blir over eitt år forseinka.

Per Sævik: Havila-eigaren signaliserer førebels litt usikkerheit til korleis det går med framdrifta ved det tyrkiske verftet Tersan.  Foto: SIV-ELIN NÆRØ

New Articles

Då det spanske verftet som skulle bygge to av dei nye skipa kansellerte ordren grunna økonomiske problem, vart oppdraget flytta til det tyrkiske verftet Tersan, som hadde bygginga på dei to andre kystruteskipa.