Havila-avtale på fem år:

Einige med långivarane: - Tilsette kan føle seg mykje tryggare

Havila Shipping ASA har kome til einigheit med kreditorar og obligasjonseigarar, og har forhandla fram ein avtale på fem år. Basert på løysinga skal det bli betydeleg mindre gjeld i selskapet når dei åra har gått.

NJÅL SÆVIK: - Våre tilsette på skipa og våre folk på land kan nå føle seg mykje tryggare.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

I ei børmelding skriv Havila Shipping at dei har kome til einigheit med långivarane om restrukturering av konsernets gjeld, vilkårsbunde av godkjenning i formelle organ. Avtalen er utforma med tanke på å halde oppe ei likviditetsbehaldning på 175 millionar kroner gjennom avtaleperioden.

Avtaleperioden er for fem år, effektiv frå 02.01.2020 fram til 31.12.2024, der den enkelte långivar har moglegheit til å forlenge tida med eitt år til 31.12.2025. Havila Shipping skal gjennom ekstraordinær generalforsamling og obligasjonseigarmøte før alt er på plass.


Atskilleg betre, men …

Framleis raude tal frå Havila Shipping – jobbar for å halde flåten samla

Då det må seiast å vere mykje betre samanlikna med 4. kvartal i 2018, er tala framleis raude for Havila i tilsvarande periode i 2019, trass i auka driftsinntekter og redusert underskot. No jobbar dei med långivarane for å halde flåten samla.


Selskapets samla gjeld utgjorde per 01.01.2020 4,2 milliardar kroner, noko som har vore vanskeleg å handtere for selskapet.

- Positivt resultat

Administrerande direktør Njål Sævik er veldig letta etter å ha forhandla fram det selskapet omtalar som ei sannsynleg løysing.

– Sjølv om dette har vore harde forhandlingar, blei resultatet positivt. Våre tilsette på skipa og våre folk på land kan no føle seg mykje tryggare. Det synest eg er ein veldig viktig del av løysinga, seier Njål Sævik, i ei pressemelding.

Delar gjelda i to

I den nye avtalen går det fram korleis gjelda skal handterast. Ho skal mellom anna bli delt i to "transjer", der den eine delen, 3,1 milliardar kroner, er renteberande og den andre, 1,1 milliardar kroner, ikkje er det. Rente- og avdragsbetaling for skipa vert avgjort etter innteninga. Om eit skip ikkje kan betene gjelda, vert ho overført til gjelda som ikkje er renteberande.

Sævikfamilien er framleis hovudaksjonær

Sævikfamiliens holdingselskap, Havila Holding AS, vil behalde sin posisjon som hovudaksjonær med 50,96 prosent, opplyser selskapet. Avtalen føreset likviditetstilførsel, og i ein marknad der kapitaltilgangen er avgrensa er det inngått ein avtale med Havila Holding AS om eit konvertibelt likviditetslån på 100 millionar kroner. Lånet kan eller skal verte konvertert til aksjar for å halde oppe eigarposisjon i selskapet i forbindelse med långivaranes konverteringsrett, heiter det vidare i børsmeldinga.


Meir arbeid til Havila-fartøy

Havila Shipping har fått utvidda kontraktstida for to fartøy som er i arbeid for seismikkselskapet Axxis Geo Solution.


Framleis tru på offshore-bransjen

– Vi har ikkje tenkt å gå ut av offshore-bransjen. Det har vore nokre tøffe år for alle i bransjen – også for oss. Vi har framleis tru på offshore-bransjen. Dagens avtale styrker vår tru på framtida, konkluderer Njål Sævik.


Havila Shipping sikra ny kontrakt

Havila Shipping har inngått ein ny kontrakt med Total E&P UK på 18 månadar for Havila Commander.