Legesenter stengt etter at person troppa opp og ville ha koronatest

Måndag ettermiddag kom meldinga om at Myrvåg legesenter er stengt, og må desinfiserast.

Illustrasjon 

New Articles

- Legesenteret er stengt, til denne jobben er gjort. Viktig melding til alle: Ikkje møt opp på legekontoret utan avtale!, heiter det i ei melding frå Herøy kommune.

Noko seinare opplyser Herøy kommune kva som er grunnen til stenginga:

- Ein person som skulle ta test for koronaviruset møtte opp inne på legesenteret. To personar som var i lokala då personen møtte opp må dermed i karantene, heiter det frå kommunen.

Herøy kommune kan på spørsmål frå Vestlandsnytt ikkje svare på om dei to personane som no må i karantene, er tilsette eller pasientar/ventande på legesenteret.

Ring alltid først!

Nok ein gong strekar kommunen under at INGEN må møte opp på eit legekontor utan avtale.

- Ring alltid først! Har du fått beskjed om at du skal testast skal du alltid møte utanfor bygget etter nærmare avtale. Gå aldri inn på legesenteret, heiter det frå kommunen.

NB! Myrvåg legesenter og legevakta i Myrvåg er to ulike einingar. Legevakta vil halde ope som planlagt, får Vestlandsnytt opplyst.

21.33: Jobben ferdig

Like over klokka halv ti måndag kveld kunne Herøy kommune melde at jobben med desinfisering var oversått. Lokala var dermed klarerte, og legesenteret kan takast i bruk som normalt frå tysdag morgon.