Endringar i toppleiinga i Norwegian Electric Systems

Odd Gunnar Kleppe sluttar som dagleg leiar for Norwegian Electric Systems (NES). Johannes Tveit er konstituert som erstattar.

JOHANNES TVEIT: Er konstituert som dagleg leiar.   Foto: Trude Brun Wilhelmsen

New Articles

Kleppe tok til ved NES i mars 2018, og vart dagleg leiar/EVP (Executive Vice President) eitt år seinare. I ei pressemelding frå NES tysdag seier Kleppe at selskapet no er på veg over i ein ny fase, der behovet for kompetansen til den øvste leiaren vil endre seg.

Kleppe, som har sin styrke innan teknologi og systemutvikling ønskjer derfor å stille si stilling til disposisjon til ein leiarressurs som vil kunne ha større fokus på vidare kommersiell og strategisk utvikling av selskapet, heiter det vidare.

Styret i NES har no konstituert Johannes Tveit som dagleg leiar/ EVP. Tveit har vore tilsett i NES sidan 2012, og kjem frå stillinga som leiar for serviceavdelinga i NES. Han har tidlegare hatt ulike roller både som prosjektleiar, produktsjef og teknisk sjef.

Fokuset for NES i tida framover vil vere å realisere selskapet sine ambisiøse målsetningar og strategiar for vidare vekst og utvikling, med nye produkt i eksisterande og nye marknadssegment.