Stadt AS hentar inn John O. Teige i ny stilling

Stadt AS i Gjerdsvika har tilsett John O. Teige som VP sales & business development.
New Articles

Teige, som opphavleg er frå Herøy, vil ha ansvar for vidareutvikling av sal. I tillegg skal han også leie Stadt sitt arbeid med å utvikle strategiske partnarskap nasjonalt og internasjonalt.

Den nytilsette har lang internasjonal erfaring frå maritim sektor og IT-bransjen innan sal, forretningsutvikling og leiing. Han har også vore med-gründer i fleire selskap, mellom anna det tidlegare børsnoterte Software Innovation.

Teige har ein Master i Marinteknikk fra NTNU og ein MBA frå BI i Oslo. Han har dei siste åra jobba mest innan maritim sektor, både for Havyard og seinast i eit engasjement i Dubai i nært samarbeid med Kongsberg Maritime.