Kontrakt til Havila Crusader og Havila Jupiter

Havila Shipping kunne onsdag opplyse om at dei har forhandla seg fram til ei kontrakt med eit britisk oljeselskap for PSV fartøyet Havila Crusader. Også Havila Jupiter har fått seg arbeid i Nordsjøen.

KONTRAKT: PSV-fartøet Havila Crusader (2010) har fått kontrakt med eit britisk oljeselskap.  

New Articles

Kontrakten er for to brønnar fast, estimert til eitt år. I tillegg har dei fått opsjon for sju brønnar, med varigheit estimert til over to år. Oppstart er forventa å skje innan ei veke.

Arbeid for Havila Jupiter også

Havila Shipping har også sikra kontraktarbeid for Havila Jupiter i Nordsjøen. Oppstart er her forventa tidleg i mars 2020, og er for ei fast periode på 70 dagar, med opsjonar for inntil 35 dagar.