Fleire var råka av straumstans i Herøy og Sande

Fleire herøyværingar og sandssokningar mista straumen onsdag kveld. For nokre var han ikkje tilbake før klokka 14 torsdag.
New Articles

Det var klokka 20.07 onsdag kveld Mørenett først melde om ein feil på straumnettet i området Kjeldsund-Moltustranda-Gjerdsvika. På det tidspunktet var 860 kundar råka av straumstansen. Utover kvelden gjekk talet på kundar utan straum stadig ned, og rundt klokka 02 i natt klarte Mørenett å lokalisere feilen til Nautøya.

Reperasjonsarbeidet byrja torsdag morgon, og i ei melding frå Mørenett klokka 10.00 torsdag morgon heiter det at dei forventar at feilen vil vere retta rundt klokka 14.00.

Straumstans fleire stadar onsdag

Litt tidlegare onsdag kveld var 14 kundar på Ristesund i Sande råka, men der fekk Mørenett ordna problema relativt raskt.

Det var meldt om straumstans fleire stadar på Søre Sunnmøre onsdag kveld.