Geir Johan Bakke går av som Havyard-sjef

Geir Johan Bakke går av som toppsjef i Havyard Group, opplyser selskapet i ei børsmelding måndag. Inntil vidare tek Gunnar Larsen over.

Geir Johan Bakke:   Foto: Havyard

New Articles

Styret i Havyard Group og CEO Geir Johan Bakke har blitt samde om å avslutte arbeidsforholdet med umiddelbar verknad, heiter det i ei børsmelding måndag morgon. Bakke har vore tilsett i Havyard Group sidan 2001, administrerande direktør sidan 2004.

Han vil vere tilgjengeleg for konsernet ei tid framover om det vil vere nødvendig.

– Har vore viktig for utviklinga

Styreleiar i Havyard Group, Vegard Sævik, seier i ei pressemelding at Geir Johan Bakke har vore ein dynamisk og engasjert konsernsjef som han har samarbeidet godt med, både i si tid som styremedlem og i seinare tid som styreleiar.

– Geir Johan har vore utruleg viktig for utviklinga Havyard Group har vore gjennom. Han har vist eit imponerande engasjement for å utvikle Havyard Group, noko som har stor betydning for dei lokalsamfunna som Havyard opererer i.

Geir Johan Bakke seier følgjande om situasjonen:

– Det har vore ein fantastisk reise som eg både er takknemleg og stolt over å ha fått vere ein del av. Eg ønsker selskapet lykke til vidare.

Partane er samde om å ikkje gi ytterlegare kommentar til saka.

Gunnar Larsen tek over

Styret i Havyard Group har konstituert Gunnar Larsen som administrerande direktør, og vil umiddelbart sette i verk arbeidet med å rekruttere ein permanent konsernsjef. Larsen kjem frå stillinga som dagleg leiar for Havyard Production, er Senior Vice President Market & Business Development i Havyard Group og har vore tilsett i konsernet i tolv år.