Larsnes IL Fotball kåra til Årets kvalitetsklubb

Det var ein stolt Torbjørn Rekdal i Larsnes Il si fotballgruppe som laurdag kveld tok imot prisen for "Årets kvalitetsklubb" på SFK sin fotballgalla.

KVALITET: Leiar i Larsnes IL si fotballgruppe, Torbjørn Rekdal, tek imot prisen frå kretsleiar Lena Pedersen.  Foto: SFK

New Articles

Larsnes IL Fotball var på førehand nominert til to prisar. I tillegg til kvalitetsklubb-prisen, hadde SFK også nominert LIL til prisen for "beste miniturnering-arrangør".

I grunngjevinga for "Årets kvalitetsklubb" er det lagt vekt på at Larsnes har hatt fin vekst i talet på unge fotballspelarar. Det vert også framheva LIL si satsing på trenarsida.  Laget har også sin eigen trenarrettleiar.


Larsnes IL førebur den nye fotballsesongen, og er:

Landets minste kvalitetsklubb

Det er full rulle på Larsnes før årets fotballsesong. Grasbana kan framleis ikkje brukast, men på kunstgrasbana og i fleirbrukshallen vert det sveitta og terpa - i det som truleg er landets minste klubb som stettar NFF sine kvalitetskrav.

 

Larsnes IL er SFK og truleg også landets minste klubb som har stempelet "kvalitetsklubb", ein status ein oppfyller om ein stettar eit sett kriteriar.

Vi gratulerer Larsnes IL med utmerkinga!

Vanylven "Årets fotballkommune"

VANYLVEN: Lena Landsverk Sande og nestleiar i SFK, Bård Dalen  Foto: SFK

 

Vanylven fekk utmerkinga "Årets fotballkommune". SFK framhevar det faktum at klubbane i kommunen samarbeider tettare enn før, for å gje flest mogleg unge eit bra fotballtilbod. Det vert også lagt merke til av fotbalkretsen at Vanylven FK har under bygging ein eigen fotballhall på Eidså i desse dagar.

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, var til stades på gallaen og tok imot prisen.

Vi gratulerer Vanylven som "Årets fotballkommune"!