Norled får fornya tillit på Ytre Søre

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt Norled kontrakt for drift av ferjesambanda Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, Årvik - Koparnes og Volda - Lauvstad fram til 31. desember 2031.

MF Kvam: Denne ferja trafikkerer Larsnes-sambandet i dag. Men frå 2025 kjem det ei ny ferje i sambandet.   Foto: Endre Vorren

New Articles

Dermed vinn Norled fram i konkurransen med tre andre reiarlag. Den nye kontrakten har ei varigheit på 11 år, frå 1. januar 2021 og fram til 31. desember 2031.

Det kjem fram i ei pressemelding frå fylkeskommunen fredag.

Når det gjeld sambandet Årvika-Koparnes får dei miljøferje frå 2022.

Dette gir ein kraftig reduksjon i utslepp, og er eit viktig tiltak i det grøne skiftet, heiter det i pressemeldinga.

Investeringar på land

Det er nødvendig å ruste opp kaianlegga knytt til Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Kaianlegga er i dag små og har svært avgrensa levetid. Kaianlegga vil byggast slik at dei kan trafikkerast av moderne ferjer. Når kaianlegga er ferdig skal det settast inn ei nyare og større ferje på sambandet, skriv fylkeskommunen.

Det er forventa at den nye ferja vil vere på plass i 2025.