Havila gjekk 100 millionar kroner i minus i tredje kvartal

Havila Shipping ASA noterte seg for eit resultat før skatt på minus 100,0 millionar kroner i tredje kvartal.

NJÅL SÆVIK: Adm. dir. i Havila Shipping ASA, som framleis slit med rekneskapen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

Det syner tal frå reiarlaget som vart lagde fram fredag.

Resultatet i tredje kvartal 2018 var minus 91,8 millionar kroner.

Når det gjeld drifta syner tala ei betring i tredje kvartal. Inntektene hamna på 211,5 mill. kr, mot 167,7 mill i tredje kvartal i fjor. På same tid var driftskostnadene litt lågare enn i fjor. Driftsresultat før avskrivingar var det doble av i fjor, med 92,9 mill kr mot 45,8 mill i fjor.

Hittil i år er resultatet før skatt på minus 249,4 millionar kroner. Etter tre kvartal i fjor var resultatet før skatt minus 305,2 mill. kr.

Reiarlaget opplyser at bokført verdi på flåten i dag er tett på 3 milliardar kroner. Samla gjeld er på vel 4,2 milliardar kroner.

Havila Shipping driv 23 fartøy. 14 er forsyningsskip, fem ankerhandteringsfartøy, tre subsea og eitt innleigd RRV-fartøy (Rescue and recovery vessel).