Runde mot Havsul 1:

I Oslo for å demonstrere mot vindkraft

Ein delegasjon frå organisasjonen Runde mot Havsul 1 var torsdag i Oslo for å protestere.

TREKLØVER: Tre av dei sentrale, f.v. leiar Kaja Runde, fotograf og forfattar Hallgeir B. Skjelstad (som snart flyttar til Runde) samt ornitolog Alv Ottar Folkestad.  Foto: Roman Scheibler

New Articles

Gjengen brukte store delar av torsdagen til å aksjonere og informere om saka si.

Som kjent dreier det seg om planane om å etablere ein vindpark i sjøområda utanfor Sandøy. Dette er eit område som frå aksjonistane si side har vore omtala som "midt i fuglane sitt matfat".


– Kan vere spikaren i kista for fuglefjellet Runde

Sjøfuglen er under press. Ei nystarta interessegruppe med utspring på Runde vil kjempe med nebb og klør for å hindre realisering av den planlagde vindparken i sjøen utanfor Sandøy.

 

Det er selskapet Vestavind Offhore som står bak planane, og ulike selskap som har "eigd" konsesjonen opp gjennom åra har fleire gongar fått utsett realiseringa av vindparken. Siste tida har det i Herøy generelt og på Runde spesielt blitt mobilisert mykje for å hindre at planane blir sette ut i livet.

- Først på dag hadde vi ein rask samtale med NVE-sjef Kjetil Lund, og deretter fekk vi bore fram vår appell til NVE gjennom ein appell og vidare informasjon og dialog. For så vidt var dette greie møte. Hovudinntrykket frå mi side er likevel at konsekvensar er noko som nærast er totalt fråverande i denne saka, seier Alv Ottar Folkestad på telefon frå Oslo torsdag.

Han legg til at dette med heilheitstenking dessverre ser ut til å vere eit forsømt område når NVE og andre instansar har vurdert saka.

FRÅ SLOTTPLASSEN: Her går toget frå Slottsplassen og nedover i retning Karl Johansgate.  Foto: Roman Scheibler

 

- Velllukka aksjon

Leiar i organisasjonen, Kaja Runde, sa midtvegs i programmet at det ser ut til å bli ein vellukka aksjon:

- Dette ser bra ut. No har vi møtt NVE, og seinare skal vi møte fleire stortingsrepresentantar. Vi har også med oss fleire organisasjonar som støttar saka vår.

Kaja Runde kan fortelje at det også er ein del interesse frå media kring demonstrasjonen, også frå riksmedia.

- Det er bra. Det er viktig at mest mogleg informasjon kjem ut om denne saka, seier ho.

Gjengen, som etterkvart vart utvida til ei samling med 30-40 demonstrantar, heldt etter møtet med NVE fram med ei markering nedanfor Slottsplassen. Derifrå gjekk dei til Stortinget, der det også var planlagt markering.

Programmet

Programmet for dagen er slik, i fylgje organisasjonen si Facebook-gruppe:

11.00 – 12.00: Markering ved NVE sitt kontor i Middelthuns gate 29
12.00: Trikk 19 frå Majorstuen til Nationaltheatret
12.30 – 12.45: Markering nedanfor trappa på Slottsplassen
12.45 – 14.15: Demonstrasjonstog/markering frå Slottet til Stortinget
14.30: Markering ved Stortinget
(Ukjent tispunkt:) Demonstrasjonstoget går vidare mot Olje- og energidepartementet i Akersgata 59, markering.