Journalist i Vestlandsnytt:

Josefine vart Årets klubbleiar i Norsk Journalistlag

Vestlandsnytt-journalist Josefine Spiro er av Norsk Journalistlag kåra til "Årets klubbleiar".

VINNAR: Josefine Spiro vart tysdag kveld kåra til "Årets klubbleiar" i NJ.  Foto: Norsk Journalistlag

New Articles

Tildelinga skjedde tysdag kveld, i høve Styrkeløft, NJ si årlege samling med vekt på kompetanseheving for dei tillitsvalde.

Les også saka til NJ med intervju her.

- Kva gjer du når det verken er klubb, eller lokalavtale i medieverksemda du er tilsett i? Let det ligge, tenkjer at det er for krevjande eller tek saka i eigne hender? Årets klubbleiar gjorde det siste, heiter det i grunngjevinga frå NJ.

Juryen trekkjer fram det faktum at Spiro utan erfaring som tillitsvald etablerte klubb og tok på seg leiarvervet. Det vert også lagt til at den nye lokalavtalen har gitt dei dei andre kollegaer i redaksjonen ein betre arbeidskvardag.


Journalistprisen i Møre og Romsdal:

Vestlandsnytt fekk to prisar

Mediene i fylket er både grundige, hardtslåande – og underhaldande!


- Engasjementet for fellesskapet har ho også vist gjennom verv i lokallaget. Vinnaren har vist at rolla som tillitsvald, og samstundes vere journalist i ein liten redaksjon, let seg kombinere. Som prov på dette vart ho tildelt heider under NJ i Møre og Romsdal sin prisfest i 2019. Vinnaren er slik eit førebilete for andre. Det er slike som henne som tek organisasjonen vidare. Vi er stolte av å kunne tildelte heiderstittelen «Årets klubbleiar 2019» til Josefine Spiro i Vestlandsnytt, heiter det i grunngjevinga.

Vi gratulerer med utmerkinga!