Vil halde fram med bygg og anlegg «inntil vidare» i Herøy

Ap, Senterpartiet, SV, Venstre, KrF og MDG reduserer i talet på linjer som skal kuttast ved dei vidaregåande skulane i fylket. Også bygg og anlegg i Herøy skal etter deira prioritering bestå «inntil vidare».

Herøy vidaregåande skule  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

– Vi ønskjer inntil vidare å halde oppe bygg og anlegg i Herøy.

Det var orda til fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen (Ap) då han la fram posisjonen sitt kuttforslag under dagens møte i fylkesutvalet. Ap, Senterpartiet, SV, Venstre, KrF og MDG fekk der fleirtal for å redusere kutta i den vidaregåande skulen. Deriblant bygg og anlegg i Herøy. Det einaste spørsmålet som no står att er om fylkestinget seier seg samde i dette. Endeleg vedtak i saka skjer 11. desember, men "inntil vidare" ser dette positivt ut for alle som har kjempa for å behalde bygg og anlegg i Herøy.

Når det gjeld Herøy vidaregåande skule si avdeling i Vanylven ser det derimot mørkare ut. Fylkespolitikarane ser ikkje ut til å ha funne midlar til å drifte denne skule-avdelinga vidare.

– Vi står saman om å prioritere utdanning noko høgare enn det fylkesrådmannen har gjort, sa fylkesvaraordførar Per Vidar Kjølmoen, før han las opp endringane som posisjonen har gjort i kuttforslaga.


Herøy-delegasjon i Molde for å forsvare seg mot kutt:

- Håpefulle, men framleis vanskeleg å seie

KRF, SP, Ap, Frp og Folkelista var alle representert då ein Herøy-delegasjon måndag vitja fylkespartia i Møre og Romsdal i håp om å berge bygg og anlegg og tannklinikken i Fosnavåg.


Følgjande endring til fylkesrådmannen si liste vart vedtatt:

Inntil vidare å halde oppe bygg- og anlegg ved Herøy vidaregåande skule.

Halde fram med fulle klasser inne musikk, dans og drama i Ålesund, Molde, Volda og Kristiansund

Halde oppe linjer for kunst, design og arkitektur i Volda og Kristiansund.

Halde fram med toppidrett ved Stranda vidaregåande.

Fortsette med å kjøpe plassar ved den private skulen Tøndergård i Molde

Halde fram med ysk-linjen ved Haram vidaregåande

Fortsette med matfag ved dei vidaregåande skulane på Stranda, Ørsta og Fræna.

Fortsette med industriteknologi ved Gjermundnes

Fortsette med elektro ved Sunndal vidaregåande og bygglinje ved dei vidaregåande skulane i Surnadal og Tingvoll.

Elles fremma fleirtalet ønskje om å sjå på fleire administrative innsparingar enn å berre opprette ein felles administrasjon mellom dei vidaregåande skulane på Stranda og i Sykkylven. Partia signaliserer også at Søre Sunnmøre skal opp til vurdering med tanke på at det skal byggast ny vidaregåande skule i Ørsta.