Lagmannsretten held Sandanger ansvarleg

Frostating lagmannsrett held Edgar Sandanger ansvarleg for tapa som Norwegian Royal Salmon blei påført då dei ikkje fekk betalt for laks som Sunsea Seafood selde sommaren 2017.

SUNSEA Illustrasjonsfoto  Foto: Endre Vorren

New Articles

Saka kom til lagmannsretten etter at Sandanger hadde anka ein fellande dom i Søre Sunnmøre tingrett. Her blei Sandanger dømd til å betale Norwegian Royal Salmon (NRS) ei erstatning på nær 4,4 millionar kroner for fem billass med laks som var foredla på Moltustranda, og selt utan at NRS fekk oppgjer for råvarene.