NETT.NO fekk avslag på søknad om pressestøtte:

- Overraskande og enormt skuffande

Næringslivsavisa Nett.no søkte for første gong om pressestøtte, men får ingenting.

VIL ANKE: Redaktør Kjetil Haanes i NETT.NO seier han vil anke avgjerda om avslag på pressestøtte.  Foto: Arkiv/Josefine Spiro

New Articles

– Vurderinga vår er at Nett.no ikkje fyller krava til formål og innhald. Analysane av innhaldet i publikasjonen viser at avisa har for låg del kommentar- og debattstoff, og med eit innhald som nesten berre består av næringslivsstoff har publikasjonen heller ikkje tilstrekkeleg tematisk breidde, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Nett.no er ei lokal nettavis som vart etablert for nokre år tilbake. Avisa, som kjem ut på nett og i tillegg kjem ut med eitt eller to magasin i året med fokus på næringslivet på Nordvestlandet, har kontor i Fosnavåg.

Redaktør Kjetil Haanes i Nett.no er skuffa over avgjerda.

– Dette var både overraskande og enormt skuffande. Sjølv meiner vi at vi oppfyller dei vesentlege kriteria til å få produksjonstilskot. Eg ser at det i avslaget blir lagt vekt på at vi har lite debatt- og kommentarstoff, men mykje av debatten og kommentarane har vi på Facebook og på andre sosiale media, utan at dette er tatt omsyn til, seier Haanes til Nynorsk pressekontor.

Overfor fagorganet Journalisten seier Haanes at Nett.no kjem til å anke avslaget.

Heller ikkje Dagbladet Pluss får støtte.

Produksjonstilskotet er den største av dei direkte mediestøtteordningane, og er eitt av verkemidla staten har for å fremje mediemangfald. Formålet med ordninga er å legge til rette for den breie samfunnsdebatten.