Klokka 20.39:
Ein bil har køyrt i autovernet, og det vert rapportert om store materielle skader.
Naudetatane er på veg til staden.
Oppdatering kl. 21.17:
Politiet melder at det vert føreteke bilberging. Brannvesenet hjelper til med dirigering av trafikken.
- Førar av bil hadde forlate staden før politiet kom fram, heiter det i ei oppdatering frå politiet.
Noko seinare opplyser smp.no at politiet leitar etter bilføraren.
Oppdatering kl 22.55:
Operasjonsleiar Roar Fylling opplyser til Vestlandsnytt at politiet har blitt kontakta av eigaren av bilen, som hadde opplyst at han las om ulukka på nett.
- Vi gjennomfører no ein samtale med bileigaren og prøvar å nøste litt opp i kva som har skjedd, seier Fylling. Han legg til at politiet ikkje har grunn til å tru at det var fleire enn føraren i bilen.
Eigaren av bilen er busett i Ulstein, vert det også opplyst.